Viktig tryggleiksinformasjon

Vi gjer eigarar av vinkelsliparar i seriane GWS 20, GWS 22, GWS 24, PWS 20, PWS 1900 og PWS 2000, produserte i tidsrommet juni til august 2016, og modellen GWS 24-230 JVX Professional med brems, produsert i tidsrommet februar til oktober 2016, merksam på følgjande: Desse maskinene må frå no av ikkje nyttast meir og ikkje gjevast vidare til andre. Dei aktuelle maskinene vert reparerte eller skifta ut kostnadsfritt. Under følgjande kopling finn du Tryggleiksinformasjon.

Slik kontrollerer du om dette gjeld vinkelsliparen din:

1. Kontroller om du har ein av dei aktuelle modellane:

Dette kan gjelde følgjande modeller: Maskiner produsert i Russland i seriane GWS 20, GWS 22, GWS 24, PWS 20, PWS 1900 og PWS 2000. Kva for ein modell du har, kan du lese av direkte på maskinen (nøyaktig kvar, ser du på biletet under).

Viss modellen din står på lista, kan dette gjelde maskinen din. Dette finn du ut ved å gjennomføre trinn 2. Viss maskinen din ikkje høyrer til nokon av desse modellane, gjeld ikkje dette maskinen din. VIKTIG: Vi bed eigarar av modellen GWS 24-230 JVX Professional med brems, som har fått reparert denne vinkelsliparen, anten det er i tidsrommet mellom januar og november 2016 eller ikkje, å ta direkte kontakt via kundetelefonen vår.

2. Kontroller om dette gjeld maskinen din:

Ver venleg og skriv inn maskin- og serienummer for vinkelsliparen din i kontrollskjemaet under. Kor dette står på maskinen din, ser du av biletet nedanfor. Vi gjer merksam på at begge dei to felta må fyllast ut.

Den gratis servicetelefonen vår har følgjande opningstider: 0047 800 30 201

Måndag - Fredag, 08:00 - 17:00