Dette kan gjelde følgjande modeller: Maskiner produsert i Russland i seriane GWS 20, GWS 22, GWS 24, PWS 20, PWS 1900 og PWS 2000. Kva for ein modell du har, kan du lese av direkte på maskinen (nøyaktig kvar, ser du på biletet under).
Viss modellen din står på lista, kan dette gjelde maskinen din. Dette finn du ut ved å gjennomføre trinn 2. Viss maskinen din ikkje høyrer til nokon av desse modellane, gjeld ikkje dette maskinen din. VIKTIG: Vi bed eigarar av modellen GWS 24-230 JVX Professional med brems, som har fått reparert denne vinkelsliparen, anten det er i tidsrommet mellom januar og november 2016 eller ikkje, å ta direkte kontakt via kundetelefonen vår.
Ver venleg og skriv inn maskin- og serienummer for vinkelsliparen din i kontrollskjemaet under. Kor dette står på maskinen din, ser du av biletet nedanfor. Vi gjer merksam på at begge dei to felta må fyllast ut.