- Korleis kan eg finne ut om dette gjeld vinkelsliparen min?
- Bosch Power Tools gjennomfører eit frivillig tryggingstiltak for ei avgrensa mengd store vinkelsliparar. Det omfattar modeller i seriane GWS 20, GWS 22, GWS 24, PWS 20, PWS 1900 og PWS 2000, produserte mellom juni og august 2016, pluss modellen GWS 24-230 JVX Professional med brems, produsert i tidsrommet februar til oktober 2016.
For ni land (Tyskland, Frankrike, Tsjekkia, Polen, Spania, Romania, Russland, India, Kviterussland) gjeld i tillegg:
I tillegg tek som førebyggande tiltak og tilbake GWS 24-230 JVX Professional, reparerte mellom januar og november 2016.
For å kontrollere om dette gjeld vinkelsliparen din, treng du maskin- og serienummeret for maskinen. Desse opplysningane finn du på typeskiltet til maskinen. Nøyaktig kor typeskiltet er plassert, kan du sjå på startsida. Her kan du dessutan kontrollere i sanntid om dette gjeld maskinen din . Du kan også kontakte medarbeidarane våre direkte ved hjelp av kontaktinformasjonen på startsida.
- Kvifor gjennomfører Bosch Power Tools desse tryggingstiltaka?
- I samband med kvalitetssikringstiltaka har vi konstatert at på ei avgrensa mengd vinkelsliparar kan kappeskiva losne under drift på grunn av ein defekt komponent. Ein kan difor ikkje sjå bort frå at dette i sjeldne høve kan føre til kuttskader eller skrammer.
For å oppfylle ansvaret vårt overfor deg som kunde, har vi bestemt oss for å tilbakekalle dei aktuelle maskinene som eit førebyggande tiltak og reparere dei eller skifte dei ut med ein ny maskin. Reparasjon og utskifting reparasjon er sjølvsagt gratis for dykk.
- Kva skal eg gjere dersom dette gjeld vinkelsliparen min?
- Dei aktuelle vinkelsliparane må ikkje nyttast frå no av og heller ikkje gjevast vidare. Bosch Power Tools tilbyd gratis reparasjon eller - dersom dette ikkje er teknisk mogeleg - utskifting av dei aktuelle maskinene. Bruk kontaktinformasjonen som står på startsida, så gjev vi deg gjerne opplysningar om tilbakesending og reparasjon eller utskifting i landet ditt.
- Vinkelsliparen min er reparert i mellomtida. Gjeld det for han også?
- Ulike svar avhengig av land –
a) Dersom maskinen er kjøpt i Tyskland, Frankrike, Tsjekkia, Polen, Spania, Romania, Russland, India, Kviterussland kan dette og gjelde GWS 24-230 JVX Professional, dersom dei vart reparerte mellom januar og november 2016. Det dreier seg til saman om maksimalt 100 maskiner. Bosch Power Tools tilbyd kostnadsfri utskifting eller reparasjon av de aktuelle maskinene.
b) Dersom maskinen er kjøpt i eit anna land enn dei som er omtala under a), gjeld dette ikkje for reparerte eller vedlikehaldne maskiner.
- Dette gjeld vinkelsliparen min, men han fungerer feilfritt. Må eg likevel levere han tilbake?
- Ja, du må likevel levere vinkelsliparen tilbake. Dei aktuelle vinkelsliparane må ikkje nyttast frå no av og heller ikkje gjevast vidare. Bosch Power Tools tilbyd gratis reparasjon eller - dersom dette ikkje er teknisk mogeleg - utskifting av dei aktuelle maskinene. Bruk kontaktinformasjonen som står på startsida, så gjev vi deg gjerne opplysningar om tilbakesending og reparasjon eller utskifting i landet ditt.
- Kor lang tid tek det før eg får den nye maskinen?
- Vi gjer sjølvsagt alt vi kan for å reparere eller skifte ut dei aktuelle maskinene så snart råd er.
- Kor lang frist har eg til å melde frå til dykk i denne aksjonen?
- Det er ingen tidsfrist for denne aksjonen.
Viss du har fleire spørsmål, svarar vi gjerne på dei via kontaktinformasjonen som er oppgjeven på startsida.